X2 LIVE

X2 LIVE

X2 Festivalen feirer 15-års jubileum i år, og lørdag 18. april kl 19:00 kjører vi i gang med en miniversjon av årets festival digitalt. Hold av datoen, så sees vi her!

PROGRAM

🌺 Mats Grimsæth til X2 LIVE

Verdas yngste eskpedisjonsleiar rundt Spitsbergen og kåra til ein av Red Bull sine beste fotografar som 18åring. Dette er slett ikkje heile historia.

Kjensla av å ikkje passe inn, i tillegg til mykje mobbing var ein realitet i Mats sin oppvekst. Det å oppføre seg som ei pøbel for å passe inn prega oppveksten hans. Han trengte hjelp, etter begeret rant over og han slo ned ein medelev. Etter utvisning og psykolog, vart dette starten på noko positivt. Ny motivasjon og tru på seg sjølv, Mats gav gass mot den store draumen om å bli fotograf.

Han kjem i studio og tek deg med på ei reise med vakre bilder av storslått natur, korleis det har vore å flytte til Sunnmøre og om psykisk helse i kvardagen.

🌺 Bernt Marius Rørstad til X2 LIVE

15. mai 2018 krasja Voldingen i Loen med speedrider, han knuste begge anklane. Høgrefoten måtte amputerast under kneet. Sidan då har han jobba knallhardt for å kome tilbake til livet han levde. Han konkurrerte i noregscupen i frikjøring, dreiv med fallskjermhopping, speedriding og paragliding. Etter monge nedturar og utruleg nok enda fleire oppturar, er han tilbake sterkare enn nokon gong. No dyrkar han skikjøring, og om sommaren hoppar han fallskjerm og går toppturar. Bernt Marius skal no fortelje si historie direkte for fyrste gong, og vi gler oss til å dele dette med dykk.

🌺 Helge Karbø til X2 LIVE

Vi får besøk av denne ivrige friluftsentusiasten, naturguiden og gründerspiren. Han kjem frå bygda Hellesylt, og har hatt naturen som leikeplass heile livet. Etter nokre år på Voss med elvepadling og luftsport bar det heim til Sunnmøre og Volda for friluftsliv utdanning. Han driv i dag guide og opplevings firmaet Fjord Nature, med kurs, turar og aktivitetar på heile Sunnmøre.

🌺 Jeki til X2 LIVE

🎙Ei akustisk, avslappa og intim oppleving av stemma som gjev voldingane og no heile Noreg ståpels. Ho tek med seg Runar Finnøy på gitar og Elias Slettevoll på keys, dei vil spele songar frå Idol, kjente songar frå radioen for tida og kanskje(!) songar ho har jobba med den siste tida. Jeki helsar, gler seg til å spele og håpar monge vil bli med å oppleve noko fint opp i alt.

🌺 ROKKY to X2 LIVE

Through her roots in Iceland, growing up in England, living in both France and Germany, she is going LIVE from Spain to Norway this saturday. We will experience her love for french electronic music mixed with a passionate interest in Berlin's club and techno scene.

🗣"I was really looking forward to dancing in the beautiful Norwegian fjords at X2 Festivalen, but I’m now in lockdown in Spain, so the best I can do is to put on a show at home and hope that you are dancing on the other side of your screen!

Being on stage receiving that energy from the audience is so very different to performing at home alone. But we’re all in this together and I hope you turn your speakers up, get up and enjoy the music!

🌺 Ole Henry Snildalsli til X2 LIVE

Voldastudenten som sparkesykla seg frå Trondheim til Bergen, skal vere vertskap for X2 LIVE. Med sin livlege stil, vil han gjer sitt aller ytterste for å lose deg på best mogleg måte gjennom programmet. Han gler seg enormt til å møte dokke der heime, via chat eller kanskje ein innringar? På fritida dyrkar han sine musikalske interesser med å mikse musikk og underheld sine følgarar på Insta med det.

🗣"Nå er det snart tid for X2 LIVE, det blir fett og jeg er så heldig som får lede dere gjennom en innholdsrik og stemningsfylt kveld. Jeg kommer til å være giret på maks og skape god stemning til alle dere der hjemme, vi snakkes der da!

🌺♻️ XCycle: Systove til X2 LIVE

Den grøne festivalen? X2 har alltid jobba ubevisst med gjenbruk av rekvisittar, møblar og mykje av det du ser på festivalen. Dei siste åra har vi aktivt og bevisst gått inn for å gjere gjenbruk og miljøprofil til noko vi vil vere med å gjere våre folk bevisst på. XCycle er eit resultat av nett dette, ein klesproduksjon i ekte X2 stil basert på gjenbruk av innsamla brukte kle.

På laurdag skal jentene bak årets merchproduksjon vise fram korleis denne prosessen foregår i si skreddarsydde systove. I tillegg vil dei jobbe med kreative løysingar og gje moglegheiter til å kjøpe unike og kule plagg som allereie er produsert.

X2020